Forsikringa gjev eleven dekning for ulykkesskade som har hendt
-
på skulen i skuletida
-
på veg mellom heim og skule
-
under praktisk yrkesopplæring og opplæring i arbeidslivet og på veg mellom heim og arbeidsplass
-
under transport, skuleturar, idrettsdagar, leirskular og liknande som skulen er ansvarleg for
-
under Operasjon dagsverk og andre liknande elevaktivitetar, og mellom heim og den staden der aktiviteten skjer
For elevar ved internatskular gjeld forsikringa heile døgnet i den tid elevane held seg på skulen, men ikkje i feriar og liknande fråvær.
Forsikringa kan gjere unnatak frå dekninga når årsaka til skaden er
-
forgifting ved mat, drikke eller nytingsmiddel
-
infeksjon eller stikk/bit av insekt
-
smitte gjennom bakteriar, virus eller anna smittekjelde
-
psykiske skadar